.adventures.with.andy.

lørdag, januar 20, 2007

stein, saks og ehm..kanin?

Som vi alle vet finnes det bare én gjennomført rettferdig måte å løse konflikter, uenigheter eller loddtrekninger på: stein, saks og papir! Alle livets store og vanskelige spørsmål kan finne sin løsning ved denne geniale metoden. Når det er sagt, så er metoden nesten for god til å være sånn. Eller rettere sagt, for enkel til å være sann. For alle dere som har tilbragt mang en søvnløs natt grublende over spørsmålet "det må jo være noe mer enn dette...", så har jeg herved gode nyhter: Det finnes faktisk noe mer!
Det finnes faktisk hele 12 andre funksjoner som folk flest går glipp av! Faktum er at tradisjonell klumsing, i all sin enkelhet, er fantastisk effektivt, men den enkle opbygningen er på mange måter også dens svakhet. Ved å innføre de resterende funksjonene vil man i tillegg til å heve spenningsnivået også heve spillets status som det ultimate verktøy for to parter å komme til enighet i en gitt sak.

Fordi det er litt tungvint å kalle denne geniale utvidelsen for "stein, saks, papir, kanin, brønn, tryllestav, klo, harelabb, snegle, pukkverk, bein, salt, ild og snare" (...hehe), så går den gjerne under navnet "extended klumsing".
Min kusines mann, Andreas Tjomsland, har utarbeidet en lettfattet forklaring av de ulike funksjonene og reglene for spillet, som jeg vil gjengi her.


Extended klomsing er artigast med to spelarar og oppover. Kvar spelar bruker begge hendene, og kan såleis plukke ut to funksjonar den første omgonga, og kan alltid velje mellom alt. Ein kan velgje mellom funksjonar i tre ulike kategoriar som fungerar på ulike måter, basic, advanced og magic. Spelarane syner kva funksjoner dei har vald på 1-2-3, og så ser ein om ein har ein vinnar etter første omgong eller om ein må spele meir. Hender som har tapt eller var unyttige må fjernast før neste omgong.

BASICS
5 ulike funksjonar, der kvar av dei slår to av dei andre og blir slått av to av dei andre. Utfallet av basics-kampen er gjerne det første ein ser på for å bestemme resultatet av ei omgang. Om det blir uavgjort mellom basics i ei omgong, går alle basics-hender vidare til neste omgong.

Stein – ein ekte klassikar. Utførast med knyta neve. Steinen slår kanin og saks, men tapar for papir og brønn.

Saks – ein gamal travar. Peikefinger og langfinger ut frå knyta neve. Saksa klyppar papir og drep kaninen, men må gje tapt for brønna og steinen.



Papir – kjedeleg, men livsfårleg! Flat hand.
Papiret tek steinen og brønna, men tapar for kaninen og saksa.



Kanin - ein grufull liten gnagar. Knyta neve med lillefinger og ringfinger ut.
Et papir og symjar lett i brønna, men bukkar under for stein og saks, naturleg nok.



Brønn – funksjonen for dei aller djupaste.

Fingrane dannar eit hol, tommel og peikefinger touchar lett.
Tek lett stein og saks, men taklar ikkje papir og kanin.


ADVANCED
Kvar av basics-funksjonane har ein advanced-funksjon som kan vinne om den tilordna basicen først har vunne basics-kampen. Hender som kjørte advanced-funksjoner blir og med til ei ekstra omgong dersom ein tryllestav eigentleg vann omgonga aleine. Om ikkje noko av dette skjer, går advanced-hendene ut av spelet før neste omgong.

Pukkverk – ein skikkeleg knusar.
Knyta neve med tommelen ut på sida, bevegast i vertikal sirkel.
Pukkverket vinn dersom steinen eigentleg vann basics-kampen.

Bein – ei utfordrande øving. Ta vekk ei hand og sleng opp beinet.
Beinet vinn dersom saksa eigentleg vann basics-kampen. Kvifor? Fordi det er gøy, og fordi saksa ville blitt sløv av det..

Eld – ikkje leik med denne!
Fingrane blafrar oppover. Elden vinn dersom papiret eigentleg vann basics-kampen.


Snare – ein årntleg luring. Tommel og peikefinger lagar eit hol, resten av fingra peiker opp. Snara vinn dersom kaninen eigentleg vann basics-kampen.



Salt – kjemisk krigføring!
Fingrane vendast nedover og gjer ein strøbevegelse.
Saltet tek ut brønna dersom ho eigentleg vann basics-kampen.


MAGIC
Magic-funksjonane er spelet sin
joker. Dei er ikkje avhengige av nokre av basic- eller advanced-funksjonane.

Tryllestav – ein frekk liten sak.
Peikefinger rett ut frå knyta hand. Uansett korleis det går med
basic- eller advanced-kampane så vinn tryllestaven omgonga dersom det berre er ein tryllestav og ingen klør. Om det er fleire tryllestavar bzzztar dei kvarandre og forsvinn. Unntaket er i spesialtilfellet kvadruppel tryllestav.

Klo – for dei aller skarpaste! Handa i vertikal stilling med alle fingrane krumma framover. Kloa vinn omgonga dersom ein tryllestav eigentleg skulle ha vunne, altså kan det ikkje vere fleire enn ein tryllestav og ingen andre klør. Elles ryk kloa rett ut, og blir aldri med til nye omgonger.

Harelabb – for dei med ein god porsjon flaks. Knyta neve med
ringfinger og langfinger rett ut
.
Harelabben vinn dersom det er ein tryllestav og ei klo med i omgonga, elles ryk ho rett ut. Sidan ein må ha stor flaks for å vinne med harelabb, må alle medspelarane dunke hovudet i bordet dersom nokon vinn med harelabb.

Kvadruppel tryllestav – for konspirasjonar etc.
Vanlegvis ryk tryllestavane ut om det er fleire av dei, men om to personar bruker begge hendene på tryllestav, bzzzt'ar dei personen som sit i midten for dei, og denne personen ryk ut. Alle dei andre startar ei heilt ny omgong.

Snigle – treighet er det beste forsvar!
Knyta neve med lillefinger krøka utover. Sniglen er det einaste forsvaret mot kvadruppel tryllestav. Konspiratørane ryk ut, og resten startar ei heilt ny omgong.



Lenge leve rettferdige avgjørelser.

7 Comments:

  • noen har fulgt med på o-fag på p3 i fjor sommer?

    By Blogger Magnus, at 12:25 p.m.  

  • ehm...nei, egentlig ikke... hadde de om stein, saks, papir der? :-)

    By Blogger Andrejazz, at 1:19 p.m.  

  • Fantastisk!!
    Nå fikk eg faktisk skikkelig lyst te å gå inn for å lera dette spillet heilt ordentlig, med alle ekstra-tegn og alt! Tenk for ein aktivitet å bruka kveldene på! (Så vidt overgått av pusling, såklart...)

    By Blogger Merete, at 3:40 p.m.  

  • -Pinglete , hehe :)
    Neida, så noe av et program på TV for noen uker siden om noen japanske unger som hadde flere sånne ting de gjorde med benene, tror de hadde 36 tegn til sammen...
    Artig blogg, forresten!:)

    By Anonymous Anonym, at 8:07 p.m.  

  • ylvis brødrene hadde stein saks papir over enhver avgjørelse i studio sommeren 06. gøy var det

    By Blogger Magnus, at 9:43 p.m.  

  • sjekk forresten hva ruben har klart å rote seg bort i. sjekk bloggen min

    By Blogger Magnus, at 9:45 p.m.  

  • det der va hefti.. tru d kan bli litt hardt å få lert meg d der, så fåreløpi hålle eg enn knapp på stein saks papir... men kansje enn dag...
    når d jelle o-fag, d va konge. masse gøy. sånn enn av di måtte ringa å sjekka ferjetiå så måtte an rima me alt han sa tru eg, va morsomt i enn ellers sommarjobbite hverdag...

    ska selfølgeli få ordna opp i link probleme på bloggen, ska finna den skyldige, så blir d hoderulling i ledelsen....

    By Blogger Kenneth, at 12:47 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home